Ambos på norsk |
![]() |
![]() |
![]() Ambos er ein søskenduo beståande av Silje og Hogne Midtbø Vevle frå Osterøy, nord for Bergen. Repetoraret deira omfattar instrumental kanadisk og norsk folkemusikk, i tillegg til eigenkomponerte melodiar. Musikken blir framført på både hardingfele og vanleg fele.
Namnet "Ambos" kjem frå spansk og
betyr “begge”. I denne musikalske samanhengen kan namnet knyttast til at det er
to element involvert i alle sidene ved musikken dei framfører: både kanadisk og
norsk folkemusikktradisjon, både tradisjonelt og nyskapande, både Silje og
Hogne.
Silje (f.1988) og Hogne (f.
1993) byrja begge å spele fele i 5-års alderen, og har sidan den gong vore
elevar hjå til dømes Jon Jelmert og Håkon Høgemo (vinnar av Landskappleiken opp
til fleire gonger). I tillegg speler dei
vanleg fele, og musikk lært av til dømes Patti Lamoureux og Calvin Vollrath frå
Canada, og Kevin Henderson og Maurice Henderson frå Shetland. Dei har delteke på ulike kappleikar,
både som solistar og i grupper. I tillegg har dei opptrådt under ulike
speleoppdrag, og er begge aktive medlem i Osterøy Spel– og Dansarlag. Dette spelemannslaget
gav ut CD’en “Spikjespel” i 2003 og CD'en "Fela Liv" i 2012. Der både Hogne og Silje var med. Albumet deira, “Our Way” var spelt inn i Keyteck Studios i Canada sumaren 2011, med releasekonsert under John Arcand Fiddle Fest i Saskatchewan i august 2011. ![]() |